tirsdag 6. desember 2016

Årets matkulturbloggar 2016

På siste samling før jul vart det av studentane sjølve kåra vinnarar av beste blogginnlegg i tre kategoriar:  Frukt, bær og hermetisering, kjøt og korn, mjøl og takkebakst

Konkurransen var svært jamn og i tre kategoriar vart det delt førsteplass mellom 2, 3 og 4 studentar. Til slutt vart årets matkulturbloggar kåra, og her gjekk eit stort fleirtal av stemmene til Mari-Lene Korsnes. Gratulerer så mykje!

Ha ein fin adventstid med eksamenslesing, det kan vere rett så trivelig!
Godt arbeid med bloggane til alle sammen - vi er stolt!

Årets matkulturbloggar Mari- Lene Kornes. Foto:  Marit Øvrelid




onsdag 30. november 2016

Kven blir årets matkulturbloggar?


No har eg hatt eit par fine arbeidsdagar med å lese bloggane de har levert og det er så kjekt å lese og sjå alt det gode arbeide de har gjennomført på studiet. Det er mange blogginnlegg som verkelig er glitrande gode og som formidlar matkultur, handboren kunnskap og tradisjonar på ein svært god måte. Eg kjenner på ei stor glede og eg er verkelig stolt av studentgruppa sine faglige prestasjonar og arbeidsinnsats med blogging. Tusen takk for at de har lagt igjen mange digitale spor for MKK ved Høgskulen i Volda på internett og ikkje minst fordi de har delt matkulturell kunnskap med andre!

Det er snart bloggfinale og vår eiga interne kåring av dei beste blogginnlegga skal skje på den siste samlinga før jul. Alle studentane skal stemme anonymt fredag 2. desember og utdeling av premiar, heder og ære skjer under julemiddagen laurdag 3. desember. Kategoriane er:

1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og   hermetisering
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om takke- og tradisjonsbakst til julehøgtid
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar

Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane,
fredag 2.desember 2016 . Lærarane Kari, Erik og Ammar har dobbeltstemme.



Hovedpremie til årets matkulturblogger, Sikta speltmjøl frå Mylnå og Adventste. Foto Kari Ryslett



Sjokolade og karameller frå Belfast,  Nord Irland til blogginnlegg 1-4.  Foto Kari Ryslet

Når bloggane din er vurdert er den din eigedom. Du kan slette bloggen, endre den, viderutvikle den eller lage deg ny blogg. Eg foreslår at fagbloggen kan ligge att på internett som eit viktig digitalt spor etter deg. Kanskje bloggen kjem deg til nytte ein dag?

Beste helsing Kari Ryslett

torsdag 6. oktober 2016

Årets matkulturbloggar 2016

Eg vil takke for innsatsen som studentane ved Mat, kultur og konservering (MKK) gjorde under ForskingsdaganeVolda bygdetun, Haualeite. Med kleda de hadde på, dei nydelig pynta aktivitetane og blide og flinke studentar var dette innbydande for publikum. Den flotte ramma for dagen med eit fantastisk vèr og temperaturar oppunder 25 varmegrader gjorde at store og små kunne nyte bygdetunet i all si prakt og ikkje minst dei flotte matkulturelle aktivitetane inne i dei gamle husa!


Det er med stor fornøyelse, glede og stoltheit at eg les dei flotte bloggane som de har skrive og utforma. Her ser ein kor viktig det er å samarbeide, dele kunnskap i tekst og bilder og at vi kan lære mykje av kvarandre. Artig var det også at vi fikk så mange fine bilder av studentar og barn i aktivitet på matkulturdagen, frå fotograf Olav Standal Tangen.

Matkultur på Volda bygdetun 2016. Foto Olav Standal Tangen.
Bloggane til: Trine, Tove, eller Janne Kristin kan motivere og inspirere oss til å dele matglede og kunnskap i den digitale verda. For å bli bedre med kvarandrevurdering og å følgje med på kvarandre sine bloggar skal vi kåre dei beste studiebloggane til MKK.

På den siste samlinga før jul vert det prisutdeling med smakfulle premiar til vinnarane i dei desse kategoriane:

1. Beste blogginnlegg om sylting, safting og hermetisering       
2. Beste blogginnlegg frå familiedagen på Haualeite
3. Beste blogginnlegg om tradisjonsbakst
4. Beste blogginlegg om konservering av kjøt
5. Årets matkulturbloggar

Kriteria er: gode bilde, lesbar tekst, bra faglig nivå og rett og slett di subjektive meining om korleis som er eit lesbart, ryddig og kjekt blogginnlegg ser ut!

Kven kan stemme? Alle studentane skal stemme anonymt på alle kategoriane,
fredag 2.desember 2016 . Lærarane Kari, Erik og Ammar har dobbeltstemme!

tirsdag 23. august 2016


Velkommen til Mat, kultur og konservering!


Tusen takk for ei arbeidsam og triveleg samling på mat, kultur og konserveing (MKK) med safting, sylting og hermetisering  i nyrenovert Kaarstadbygg ved Høgskulen i Volda.

No håpar eg at de har kome i gang med bloggen og at de etterkvart gjer dykk kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilder eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i word og samle saman bilda eller lenkene før du publiserer blogginnlegget ditt.

Ein bloggtekst kan vere ei hypertekst og du kan "utvide teksten" med lenker til filmar, wikipedia, nettsider, artiklar, etc. Merk ordet du vil bruke med Link i menyen oppe på sida som det heiter her på Blogger og lim inn nettadresse (url), då får lesaren forklaring av omgrep du bruker i teksten.



Mat, kultur og konservering, studentar 2016-17. Foto: Kari Ryslett.



No vil eg lære deg litt nettjuss, sjå denne filmen Nettjuss 1, så kan sjå neste film Nettjuss 2 og tilslutt Nettjuss 3. Opplæringa om nettjuss du fikk no heiter omvent undervisning eller flipped classroom. Smart, ikkje sant?

Husk at bloggen er DIN, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt - dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den!

Lykke til med produkta som skal vere sylta, safta eller hermetisert og ikkje minst lykke til med blogginga!

Beste helsing Kari Ryslett